lørdag 4. oktober 2014

Ikkje dytt!















































IKKJE DYTT!
- av Gudrun Lid Sæther

Ikkje dytt,
eg må få gå trappa sjølv.
Vil du gå fortare med andre pauser,
så er det greit det.
Eg går ikkje fortare enn eg går, eg.
Ikkje dytt!
Eg må få stå her ei stund,
- kvila, kava, gråta, le.
- Ryggja og setje eine foten ned att på
forrige trinn - kjenna ekstra etter om
eg er ferdig til å gå vidare.

Ikke dytt!
Det er så vondt å snubla.
Eg gjer det likevel, men då er det på
min måte -
den er tryggast for meg.

Ikkje tru at trappa er lettare å gå
fordi du veit kva neste trinn heiter.
Men det er fint at du vinkar.
Det er trygt å ha deg saman med meg,
for eg leitar etter nokon å halda i.

Fint å ha nokon stødig bak ryggen, nokon
som kjenner trappa.
Det er tungt å gå åleine,
fint å ha deg der, men ikkje dytt! -
Eg kjem i mitt eige ganglag eg.

Det er fint å sjå at andre har kome seg opp.
Eg er i seget,
men ha tolmod med meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar